Rehabilitering Sandane Kyrkje
Rehabilitering og endring av forsamlingslokale og møterom og deler av fasaden. Fleire mindre rom er slått sammen til eit stort rom med utsikt på atrium og hagen rundt bygget, eit nytt kjøkken, garderobe og gang.
Farge og materialvalg er tilpassa eksisterende bygg for å bevare eksisterende arkitektur.
Ny belysning med enkel utforming som ikkje tek fokus frå byggets detaljer.
flokk & fjell
Forsamlingslokalet har fått eit kunstverk frå flokk & fjell som er fordelt over fleire veggar. Kunstverket fortel bibelhistoria om skapinga og er laga av norsk ull kombinert med silke. Noko av ulla og silken er farga med plantar og lav. Kunstverket gjev også god lyddemping i rommet og regulerer luftfuktighet.
Les meir her: flokkogfjell.com